Det var næringa som tok initiativ til å få denne statusen. Aurland formannskap stilte seg positiv til saka og at det vart utarbeidd søknad.

Saka er følgd opp av næringssjef Inge Håvard Aarskog i nært samarbeid med næringa. Det vart dokumentert at butikksalet i hovudsak skjer til turistar i sommarhalvåret, og heile året i Flåm og Gudvangen. Dette er grunnlaget for fylkesmannen si avgjerd.

Ordførar Noralv Distad er glad for at heile kommunen no har fått status som typisk turiststad, og at det gjeld heile året for Flåm og Gudvangen. Daglegvarebutikkane får no høve til å halda ope også på søndagar og dermed yta dagleg god service til alle dei som vitjar kommunen.  Aurland har satsa sterkt på å få til turisttrafikk heile året. Det har ein lukkast meir og meir med. Trafikken i vinterhalvåret aukar sterkt, noko som og viser godt att på omsetninga i butikkane, seier ordføraren.  Turisttrafikken styrkjer grunnlaget for servicetilboda i kommunen, og er dermed og viktig for innbyggjarane