Ein delegasjon med tilknyting til Vestnorsk Fjordlandskap har vore på studietur i Alaska, mellom anna til verdsarvområdet Glacier Bay. Målsetjinga med turen var å læra meir om korleis dei forvaltar sitt område, korleis cruisetrafikken vert regulert og organisert, og korleis dei dreiv formidling. Undervegs var ein innom fleire cruisedestinasjonar, og  fekk sett nærare på fleire av tilboda og opplevingane dei reisande møter i desse områda.

Eg ønskjer å gje ei tilbakemelding frå studieturen til Alaska, og inviterer til eit ope møte i Aurland rådhus måndag 1. august kl. 19.00.

Vel møtt!

 

Noralv Distad
Ordførar