Prosjekt sau og utmark i ÅLA hadde eit vellukka fjøsmøte på Laoi torsdag 23 januar 2014.

Rundt 25 interesserte sauehaldarar trossa austavinden og møtte opp på Laoi der vertskapet Eldrid og Olav Grønsberg ynskte velkomen med nytrakta kaffi og heimebaka kaker. 
Dei frammøtte fekk ei grundig og engasjert innføring i gardsdrifta av Eldrid, Olav og sonen John. 
Særleg vekte den geniale løysinga med rullande forhekkar beundring. Forhekken på hjul med kulelagar kan lett skyvast over i forsentralen der den vert fyllt opp med silotalje. 

Styreleiaren for prosjektet Erling Offerdal takka vertskapet for eit godt opplegg og utfordra Lærdølene til å stille med vertskap til neste fjøsmøte.