Offerdalen er brattare, mørkare og lenger vekk enn dei fleste andre plassar. Det er iallfall det folk i Årdal seier. Likevel var det torsdag i førre veke samla ein god slump med folk i fjøsen som Geir Nyland disponerer. Han har skaffa seg tjueein søyer, men har ikkje eigen gard og er avhengig av å få låne eller leige. Nyland er ein av dei få som startar heilt frå botnen med sau kvart år. Fjøsen er lånt og sauene stammar frå ei besetning som ein nabo hadde tidlegare. Naboen selde garden, og folk i Offerdalen tykte det var for gale at dei gode livdyra skulle gå til slakt.

Geir Nyland fortalde om ombyggingane dei har gjort til ein rimeleg penge til alle dei frammøtte. Han har saman med ein anna nabo, Erik Skogly, skore materialar sjølv, og laga ei renne frå høyløa og ned til ein fôringshekk som sauene forsyner seg av. På denne måten treng ikkje Nyland fôre dei kvar dag. Nokon lyt sjølvsagt sjå til dei kvar dag, og Erik Skogly bur så nær at han kan ta det daglege tilsynet og gi dei påfyll av vatn.

Prosjektleiar i Sau og Utmark i ÅLA, Håvard Øyrehagen, tykkjer det er flott at unge folk utan eigen gard ordnar seg slike avtalar. «Dette syner at ein ikkje treng ha odel på ein gard for å kunne drive som bonde. Det finst moglegheiter for unge som har lyst til å starte i landbruket. Naboane rundt her vil ha fleire som driv og tykkjer sjølvsagt det er stas at det er aktivitet på dette bruket att. Eitt oppegåande fagmiljø er viktig og spesielt om du er bonde for du jobbar så mykje aleine», avsluttar Øyrehagen.