Det finst ulike tilskotsordningar for ulike felt og aktivitetar innan frivillig sektor. Kommunane, fylkeskommunen, ulike stiftingar og organisasjonar sit på ulike pengesekkar, og det er ikkje alltid like lett å finne fram.

Det vil Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Gjensidigestiftelsen no gjere noko med.

Eigen del om spelemidlane
Laurdag 1. april inviterer dei tre til gratis samling på Thon Hotel Jølster på Skei. Målet er å orientere om kva som finst av tilskotsordningar, men også å samle flest mogleg frå frivillig sektor i fylket og skape rom for å utveksle erfaringar.

Dagen vert delt inn i to hovuddelar, der del ein er ei felles økt med informasjon om kva tilskotsordningar som finst, og korleis ein kan søkje. Deretter vert det parallellsesjonar med eigne kurs om spelemidlar til anlegg for fysisk aktivitet og idrett og spelemidlar til kulturbygg.

Du finn meir praktisk informasjon om samlinga og lenke til påmelding her

Fristen for å melde seg på er 24. mars.

For meir informasjon
Atle Skrede
rådgjevar fysisk aktivitet og idrett, Sogn og Fjordane fylkeskommune
atle.skrede@sfj.no 
415 30 716

Guro Høyvik
rådgjevar kulturbygg, Sogn og Fjordane fylkeskommune
guro.hoyvik@sfj.no