Engasjerte tilsette i pleie og omsorg på personalseminar

Aurland kommune er i gang med omstilling og endringar som er nødvendige for å utvikle berekraftige pleie og omsorgstenester.  Dette arbeidet gjeld både å utvikle tenestetilbodet og organisasjonen. 

Som eit ledd i prosjektarbeidet, vart det arrangert personalseminar for alle tilsette i pleie og omsorg,  samt nokre av dei tilsette i helse og førebygging den 7. og 8. juni i år. 

Føremålet med personalseminaret var å skape, koordinere og gi retning til dei endringane som skal gjennomførast, der dei tilsette er særs viktige aktørar i møte med tenestemottakarane. I dette møtet blir den brukaropplevde kvaliteten i tenesta skapt. Det vart lagt vekt på å skape tilslutning til nye tankesett og nye arbeidsmåtar i tenestekvardagen. Brukarmedverknad og meistring er viktige stikkord her. 

Dei tilsette vart fordelte over to dagar, og tilsaman deltok 85 personar på personalseminaret. Vi hadde to flotte og inspirerande dagar med Møyfrid Hallset frå Ressurssenter for omstilling i kommunene (RO), som på ein ypperleg måte losa oss gjennom mange tema. Ein stor takk til alle tilsette som var med og delte erfaringar og kompetanse desse to dagane. 

Kari Voldum
Tenesteleiar Pleie og omsorg

Personalseminar Pleie og omsorg
Engasjerte tilsette
Personalseminar Pleie og omsorg
i Pleie og omsorg på personalseminar
Personalseminar Pleie og omsorg
i to flotte og inspirerande dagar med Møyfrid Hallset frå Ressurssenter for omstilling i kommunene (RO)
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune, sentralbord
Telefon: 57 63 29 00
Telefaks: 57 63 29 01
SMS: 959 84 649

Kommunal beredskapstelefon / teknisk vakt utanom kontortid:
tlf. 57 63 29 05 / 959 84 600
(beredskap brann, kommunale bygg, veg, vatn og avløp)

Kommunal beredskap