Tekst: Arne Veum / Aurlendingen

Nytt kjøkken
30 millionar kroner skal brukast på ei stor oppgradering av Sogn jord og hagebruksskule (SJH). Pengane er stilt til rådvelde gjennom eit spleiselag der fylkeskommunen som skuleeigar bidreg med 20 millionar kroner, og staten og Aurland kommune stiller med fem millionar kroner kvar. I tillegg samla vener av økoskulen inn nokre hundre tusen kroner, slik at ein alt i alt har vel 30 millionar kroner å byggje for. - Første byggjesteg er godt i gang, og ein stor del av dette vil verte via ombygging av skulekjøkkenet, seier Fritsvold. Det skal byggjast nytt skulekjøkken i motsett ende av noverande kjøkken, på eit areal som tidlegare har romma peisestove og garderobar. Det nye kjøkkenet vil vere klart til bruk i oktober i haust, seier Fritsvold, som opplyser at noverande kjøkken då vil verte omdisponert slik at det kan tene som ei forlenging av matsalen. - I tillegg vil det verte plass til eit nytt personalrom her.

Koplar saman
Til første byggjesteg høyrer også samankopling av internat og undervisingsbygg med. Desse vil verte kopla saman gjennom ein felles kjellaretasje, og i dette partiet vil det også verte bygt ny universelt utforma hovudinngang til både undervisingsbygg og til internat med kjøkken og spisesal. I dette byggjesteget skal elles dei to leilegheitene i den austlege enden av internatet byggjast om til elevkjøkken.

Rustast opp
I andre byggjetrinn, som er planlagt starta rett over nyttår skal det gjerast arealmessige tilpassingar og bygningsmessige utbetringar på undervisingbygget. - Heile bygget skal rustast opp, og i den perioden må me flytte undervisinga til andre lokale på skulen. Me kjem til å bruke matsalen og klasserommet som me har i tilknyting til verkstaden, seier Fritsvold. Ho fortel at heile anleggsperioden ved skulen er planlagt slik at skuledrifta skal gå som normalt. - Det er til tider utfordrande, men alle partar er innforstått med at det må vere slik. I ein periode mot slutten av mai tok entreprenøren til dømes ekstra omsyn til at elevane var opptekne med eksamensførebuingar.

Ferdig til jubileum
I samband med byggesteg nummer to skal det også byggjast på ei ny etasje på eit mindre tilbygg til undervisingsbygget. Som ein konekvens av at hovudinngangen vert flytta til det midtbygget vil det verte meir undervisingsrelatert areal til rådvelde. Heile byggjeprosessen ved SJH skal vere avslutta til august 2017. Dette passar bra med at skulen då kan markere at det er 100 år sidan Jens Lunde starta jordbruksskulen på sin eigen gard i Lunde. Det skjedde i august 1917.