Delta på bustadkartlegginga

Mangel på bustadar har lenge vore ei stor utfordring i Aurland kommune. Kommunen ønskjer derfor å gjennomføre ei kartlegging av bustadbehovet for dei unge i etableringsfasen mellom 18 og 39 år, og for vaksne i aldersgruppa 60 til 75 år innan 30.november.

Dersom du er mellom 18 og 39 år kan du fylle ut spørjeskjemaet ved å trykke på denne linken: https://goo.gl/forms/jG6Gyefk8FkEZGaE2

Dersom du er mellom 60 og 75 år kan du fylle ut spørjeskjemaet ved å trykke på denne linken: https://goo.gl/forms/M36R0ZwqCn0Qkn2B2

Kartlegginga skjer i samband med arbeidet med bustadpolitisk handlingsplan som skal vere ferdig våren 2019. Deltakinga i undersøkinga er frivillig, men me håpar flest mogleg tar seg tid til å delta slik at kommunen får eit godt grunnlagsmateriale til å arbeide vidare med. Alle svara blir behandla anonymt og skjer i samsvar med Datatilsynet sine reglar for personvern.


Dersom du har spørsmål om undersøkinga kan du kontakte Anja Marken på tlf. 959 84 628 eller e-post: anja.marken@aurland.kommune.no.

Kommunevåpen Aurland kommune
Kommunevåpen Aurland kommune
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
57 63 29 05


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland