Daudt hjortevilt skal meldast til landbrukskontoret. Me syter for at det vert teke prøve for skrantesjuke av desse (kalv vert ikkje prøveteke). Det er ikkje funne skrantesjuke på hjort, elg eller rådyr kring Nordfjella, men sjølvdaude dyr er ekstra viktige å ta prøve av. Dyret vert liggjande på plassen når prøveresultatet er negativt (ikkje CWD). Det er grunneigar sitt ansvar å eventuelt flytta dyret viss det ligg på ein sjenerande plass. Dyra vert registrert på hjorteviltregisteret som fallvilt. Sjå her for meir informasjon.

Kontakt viltforvaltar Knut Fredrik Øi for spørsmål.
E-post:Knut.Fredrik.Oei@laerdal.kommune.no
Telefon: 93059637