Tekst og foto: Arne Veum / Aurlendingen
I det som kan kallast sentrumsområdet av Aurland, i Undredal og Vassbygdi er breiband installert til dei som ønskjer det. No pågår det utbygging av fiber i Flåm, og innan mars 2018 vil heile bygda, inkludert Ryo og Indrelid, vere dekka. – Diverre gjeld ikkje dette Flåmsdalen, seier IKT ansvarleg i Aurland kommune, Beathe Ekhall Stentvedt.

Eit anna område som no er klart for utbygging er Dalen. Det har teikna seg nok abonnentar i området og Sognenett skal stå for utbygginga. Det er dette selskapet som byggjer ut i Flåm også. Aurland kommune har budsjettert med 1,5 millionar kroner til breibandutbygging i år og midlane skal fordelast på områda Dalen, Flåm og Bakka.

Statlege midlar

Stentvedt fortel at Aurland kommune jamleg søkjer tilskot frå statlege stønadsordningar til breibandutbygging. Det er sett nokre kriterium til desse tilskota. For å få stønad må det aktuelle området ha eit svært dårleg tilbod frå før.  Det er såleis liten sjanse for at me vil få tilskot  til utbygging i område som har ADSL tilbod. Men kriteriane kan endre seg og vi vil følgje med til neste år. Vi har fått midlar både til øvre del av Flåm og Undredal.

Topografi

Den statlege stønadsordninga gir normalt ein sum på 15 – 20 000 kroner per husstand. – Dette er åleine ikkje nok, og difor løyver også kommunen pengar. Det er kostbart å leggje fram og installerer breiband, og topografien og tal husstandar spelar sjølvsagt inn. Dette er mellom anna eit problem i Flåmsdalen der både utfordrande natur og lang avstand mellom husstandane er gjeldande, seier Stentvedt. På Bakka er eit anna element som spelar inn. – Av omsyn til eksisterande infrastruktur er det i praksis berre Telenor som er i posisjon til å kunne tilby breiband til bebuarane der. Me har teke saka opp med dei ein del gonger, men så langt utan respons, seier Beathe Ekhall Stentvedt, som legg til at det ikkje er gjeve opp å få Telenor med på eit opplegg som kan munne ut i ei breibandløysing for grenda i Nærøyfjorden. – Frå kommunen si side vil me halde fram å jobbe for at heile kommunen skal få eit godt breibandstilbod, og me har framleis att området der me ikkje har kome i gang med utbygging, seier Beathe Ekhall Stentvedt.