Beite- og bygningsdag laurdag 21.mars
Prosjekt Sau og Utmark arrangerer beite- og bygningsdag laurdag 21. mars ved vassverket i Lærdal klokka 11:00. Diverse aktørar frå byggebransje og tilbydarar av innreiing til sau kjem til å vera tilstades på arrangementet som er ope for alle. Prosjektet har bestilt godt vêr og vil legga pølser på grillen frå klokka 12:00.