Aurlandsprisen 2015 – grunngjeving for tildeling av prisen til Pascale Baudonnel for sin uvurderlege innsats for den kvite og brune geitosten:

Tradisjonsosten er eit ettertrakta produkt, ei merkevare med høg status. Pascale er ein framifrå ambassadør for tradisjonsosten, og ho synleggjer Aurland langt utover bygda sine grenser.

Pascale Baudonnel kom første gong til Noreg som student ved Raulandsakademiet i 1977-79. Året etter reiste ho til Fosen Folkehøgskule. I 1982-83 gjekk ho på husflidsskule i Bergen. Som student ved Fosen Folkehøgskule møtte ho Gunhild og Anna Karine som ho seinare møtte att i Undredal. Pascale kom til Undredal i 1983, og slik starta livet i Undredal med geitehald, vedlikehald av verdifullt kulturlandskap og kamp for upasteurisert produksjon av kvit geitost.

Ho vart tidleg oppteken av den levande ystetradisjonen i Undredal. Først og fremst var det kampen for å vinne fram til godkjenning av den upasteuriserte ystetradisjonen som låg hennar hjarta nærast. Ho ville ta vare på den verdifulle kulturarven i Undredal. Ho bestemte seg for å utdanne seg til ysteteknolog i heimlandet sitt Frankrike. I 1995 fullførte ho studiet, som opphavleg er ein toårig utdanning med beste karakterar, samstundes som ho tok seg av to små ungar.

No hadde ho fått nok kunnskap til å ta opp kampen mot Næringsmiddeltilsynet. Det var stor usemje og kulturskilje mellom «budeiekunnskapen» og teorikunnskapen i Næringsmiddeltilsynet. Etter 13 års kamp, frå 1990 til 2003, vart Undredal stølsysteri – som det første i Noreg, godkjent for upasteurisert geitostproduksjon. Undredalsosten var redda, og med den heile den norske ystetradisjonen. 

Pascale har sjølvsagt ikkje gjort jobben åleine, men ho har vore ei drivkraft med stor fagleg tyngde. Kvalitet og pågangsmot fylgjer Pascale i det meste ho gjer. Då Pascale skulle gifte seg, så ville ho ha sognebunad. Ho oppdaga da at dagens bunad ikkje likna på draktdelane som fantes på museet. Ho var den første som rekonstruerte kvinnebunaden i Sogn etter Bunad- og folkedraktrådet sine retningsliner.

Pascale var med og tok initiativet til å stifte Norsk Gardsost i 1997, og har med dette hatt eit stort fagleg nettverk både i Noreg og i Europa.

Ho har vore og er ein viktig ressurs for Sogn jord og hagebruksskule, i deira kursverksemd på området. Ho har helde kurs for mange småskala produsentar både i inn- og utland.

Pascale har fått mange prisar for si gode gjerning. Mellom anna kan me nemne Seterprisen frå 2005, Budeieprisen frå 2006 (saman med dei andre budeiene i Undredal, og i 2007 fekk ho den prestisjetunge prisen Ingrid Espelid Hovig sin matkulturpris.

Pascale fortener ei stor takk for den innsatsen ho har gjort, og for den strålande ambassadøren ho har vore både for ei tradisjonsnæring og for kommunen.

Me er stolte over å kunne heidre innsatsen til Pascale Baudonnel med Aurlandsprisen for 2015.