Veldig kjekt med eit så stort arrangement i Aurland, all honnør til arrangøren for god tilrettelegging og prikkfri gjennomføring. Aurland kommune er stolt over skyttarlaget og dei dyktige skyttarane. Me er særleg glad for innsatsen mot unge skyttarar.

To av dei talentfulle unge skyttarane fekk ei lita gåve frå kommunen; Hege Haugeplass og Sigve Vikesland. Me ønskjer alle lukke til på Landsskyttarstemna i Førde.