Her er vedtaket:

Aurland kommune støttar opp om intensjonsplanen om samanslåing av
Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland fylke til ein felles vestlandsregion
med verknad frå 1.1.2020.

Aurland kommune  føreset at Stortinget vedtek og gjennomfører dei
premissane som er nedfelt i pkt. 10 i intensjonsplanen.  

Aurland kommune legg elles til grunn at :
•    fylka i sin heilskap inngår i den nye regioneininga
•    administrasjonsspråket blir nynorsk,
•    fylkesmannsembetet får ei regional inndeling som samsvarar med det nye folkevalde regionale nivået sin geografiske struktur med leiing plassert på Leikanger i Sogn og        Fjordane
•   den nye vestlandsregionen får nye oppgåver frå Staten og at statlege institusjonar vert flytta og lokalisert til regionen.