Det er Kommunal rapport som lagar ei årleg rangering av kommunar på basis av offentleg tilgjengelege data frå offisielle kjelder. Kommunal rapport sjølv skriv at dei litt forenkla sagt måler «Norges beste kommune». 

KB 2017 syner at Aurland kommune blir rangert som nr. 20 bassert på nøkkeltala åleine. Justert for økonomiske føresetnader er plasseringa nr. 268. Aurland kommune kjem dårleg ut i rangeringa på kostnadsnivå. På dei fleste teneste- og driftsområde er kostnadane vesentleg høgare enn landsnittet. På den andre sida blir Aurland kommune rangert høgt på grunnskule og kultur og vi er og på topp 100-lista innan pleie og omsorg, økonomi, vatn og avløp og renovasjon. 

Kommunebarometeret Aurland kommune per 2.april 2017 - førebels utgåve(pdf)

Spørsmål til kommunen om Kommunebarometeret 2017 og korleis kommunen vil nytte analysen i planlegginga framover kan rettast til rådmann Steinar Søgaard.