Det er ein god tradisjon å tenna julegrana her på Vangen.
Det er i den mørkaste tida på året  me må tenna  flest lys.
Dei lysa me tenner kan stå som symbol på dei mange i Aurland som lyser opp og spreier kraft og glede til andre.

Adventstida løfter oss opp og fram.

Det er mykje som skal gjerast. Men me gjer det gjerne, for det er så mykje å sjå fram til. Opning av luker i adventskalendaren. Gåver som skal kjøpast eller lagast. Pakkar som skal opnast. Dei gode måltida. Dei gode stundene saman med famile og venner.

Lat oss gjera adventstida og jula til ei fin tid både for oss sjølve og for familie og venner. Det viktig å stilla opp for kvarandre. Det er alltid nokon som har bruk for ei hjelpande hand, litt omtanke og ikkje minst eit besøk.

Me kan alle vera med på å tenna lys, håp og glede, i samsvar med jula sin glade bodskap.