– Sjølv om det er mange område som er med i kartlegginga, viser det seg at det berre er nokre få fjellparti som treng oppfølging, seier Lars Harald Blikra, seksjonssjef i NVE.  Han legg til  at dei fjellpartia med størst fare og konsekvensar er i Troms, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Eit nytt fjell med kontinuerleg overvaking

– Kartlegginga har avdekka at Joasetbergi i Aurland i Sogn og Fjordane skal ha kontinuerleg overvaking. NVE har allereie eit målesystem på plass som måler om det er rørsle i fjellpartiet. Ei vidare utbygging av overvakinga er planlagt og vil bli etablert i 2016. Joasetbergi blir dermed definert som eit høgrisikoobjekt som NVE skal overvaka kontinuerleg for å kunne varsle fare for fjellskred. Dette gjer vi for å gjera det trygt for folk som bur og oppheld seg nær dette fjellpartiet, seier Blikra. 

I  slutten av august vart det klart at Gamanjunni 3 i Kåfjord i Troms får kontinuerleg overvaking.

Elleve av dei klassifiserte fjella vil bli følgt opp med periodiske målingar. Nokre også gjennom analysar av utløp og flodbølgjer. Oppfølginga vil bli gjort i tett dialog mellom NVE og dei aktuelle kommunane.  Når det gjeld dei resterande ni av dei 22 fjellpartia som er omtalt i rapporten, legg ein ikkje opp til målingar, men det kan blir naudsynt med restriksjonar på arealbruk.

NVE har ansvar for den statlige kartlegginga av skredfarlige område i Noreg. Eitt av ansvarsområda er kartlegging av ustabile fjellparti med fare for store fjellskred. Ustabile fjellparti er kartlagt av NGU i fleire fylke. Det er den første fasen av fare- og risikoklassifiseringa som no er ferdig. Kartlegginga og fare- og risikoklassifiseringa gjev grunnlag for å vurdere tiltak i form av overvaking med sikte på å kunne varsle et kommande fjellskred og dermed unngå tap av liv. Kartlegginga gjev viktig informasjon om faregraden som grunnlag for arealplanlegging.

Faktaboks:
Dokument og databasar som dokumenterer kartlegging og oppfølging:

NGUs database med dokumentasjon av geologiske data