213 ordførarar og varaordførarar frå Høgre, Frp, KrF, V, Ap, Sp, SV og MDG har i løpet av helga skrive under på ein felles protest mot at eigedomsskatten frå  vasskraftanlegga vert redusert med 400 millioner kroner. Ordførarane krev at Regjeringa føretek ny utrekning av eigedomsskatten, basert på reelle markedsverdiar av kraftverka i tråd med gjeldande reglar, og som vil oppretthalda det skattenivået som gjeld i dag.

Ordførar Noralv Distad er ein av dei som har skrive under på oppropet.  Ordføraren seier at dette no er eit sterkt krav frå nesten halvparten av kommunane i landet. Den reelle verdien på kraftverka er høgare enn det som skattestyresmaktene har kome fram til, dette må rettast opp og kommunane må få den eigedomsskatten dei har naturleg krav på. Ein må ikkje rokka ved prinsippet om at utbyggjande distrikt skal ha sin del av verdiskapinga frå kraftutbygging, understrekar ordføraren.

Sjå saka her: http://lvk.no/nyheter/197_ordforere_og_varaordforere_protesterer_mot_regjeringen