- Me balar, men me gir ikkje opp og håpar nokon melder seg.

Så langt har ikkje Aurland kommune lukkast med å få valt eit ungdomsråd. - Det skulle ha vore på plass til nyttår, men valnemnda lukkast ikkje. Det har synt seg vrient å få nok unge til å melde seg, seier ordførar Kjell Bøe Bjørgum, som har eit godt håp om at det vil ordne seg.

- Eit ungdomsråd er dei unge sin direkte kanal til folkevalde og styrande i sin eigen kommune. Utvalet vert vurdert som viktig, og difor er det lovfesta at alle kommunar skal ha eit eige valt fora for dei unge. Det er gjennom ungdomsrådet at dei unge kan bringe til torgs, og ta opp saker dei har interesse for og er opptekne av. Ungdomsråd er også arenaen for å stille spørsmål, og få informasjon om kva prioriteringar som vert gjort i kommunen deira.

Møte med elevrådet

Bjørgum er litt usikker på kva som er grunnen til det manglande engasjementet. – Det kan vere samansett. Dei unge er travle på sine arenaer, og har kanskje nok med sitt, skule, hobbyar og fritid med vener. Politisk relatert arbeid er kanskje ikkje det som fengjer mest. Såleis har me nok ein jobb å gjere med å informere betre om viktigheita av å ha eit aktivt ungdomsråd. Eit møte med elevrådet kan nok vere på sin plass, seier ordføraren. Han minner om at politikk, sjølv om det høyrest kjedeleg ut, ligg i botn for det meste, og influerer direkte på kvardagen til alle aldersgrupper, også dei unge sin.  I desse tider nemner han som døme renovering og oppgradering av Aurland stadion, lettare tilgjenge til trimrom og ein politisk visjon om å satse på ungdomshusa.

– Eit ungdomsråd vil vere ein høyringsinstans i alle saker som gjelde dei unge. Dei nemnde sakene er nokre døme på viktige politiske saker som er i prosess no, og som direkte vil gjelde den yngre generasjonen sine interesser. Kva tankar og ønskjer har dei til dømes for ungdomshusa, kan det etablerast tilbod i desse som dei unge manglar i dag, spør ordføraren, som gjerne vil høyre dei unge sine tankar og meiningar kring både dette, og anna.

Eige budsjett

- Kan kommunen gjere deltaking i ungdomsrådet meir spanande og interessant? 

– Heilt sikkert. Ei moglegheit som vil verte  vurdert er å utstyre eit ungdomsråd med ein budsjettert sum pengar. Sjølv tenkjer eg i storleiksorden 50 000 – 100 000 kroner som rådet får ansvar for, og som etter demokratiske prosessar kan forvaltast og nyttast til det dei unge meiner er viktig. På denne måten kan deltaking i eit ungdomsråd gi nyttig og interessant læring, samstundes som det også vert stilt nokre formelle krav til rådet, seier ordføraren. Eit ungdomsråd skal bestå av minimum fem medlemar i alderen  frå 13 – 19 år (skal vere under 19 år på valtidspunktet). Medlemane må vere busette i Aurland kommune. Rådet får eigen sekretær, og ordføraren vil sjølv ta rolla som politisk valt representant. Det vil vere ein fordel om samansetjinga av eit ungdomsråd speglar heile kommunen, og medlemane vert valde for to år. Ein møteplan vert utarbeida, og medlemane får møtegodtgjersle.

Kontakt oss

Dersom du er interessert i å vera med i ungdomsrådet ta kontakt med 

Ordførar
Kjell Bøe Bjørgum 
Tlf: 481 93 628
E-post: kjell.boe.bjorgum@aurland.kommune.no

Eller 

Kontormedarbeidar 
Ingvild Ohnstad Stigen
Tlf: 46 88 84 59 
E-post: ingvild.ohnstad.stigen@aurland.kommune.no