Høyringsfrist er sett til 5. juni 2024. Høyringsinnspel som kjem etter det vil ikkje verta vurdert. Saka skal til politisk handsaming og fristane er korte.


Kommunar og fylkeskommunar pliktar å sørgja for høyring, vedtak og offentleggjering av eigne lokale forskrifter i samsvar med ny opplæringslov som trer i kraft 01.august 2024.

Den nye opplæringslova inneheld fleire område der kommunar og fylkeskommunar skal gje forskrifter, i tillegg til område der dei kan gje forskrifter.

Vedlagt 5 høyringsutkast

  1. Lokal forskrift om permisjon frå opplæringa i Aurland kommune (pdf).
     
  2. Lokal forskrift om skulefritidsordning i Aurland kommune (pdf)
     
  3. Lokal forskrift om skulereglar og skuledemokrati for grunnskulen i Aurland kommune (pdf)
     
  4. Lokal forskrift om hovudmål ved grunnskulen i Aurland kommune (pdf)
     
  5. Lokal forskrift om skuleruta 2024/2025, Aurland kommune (pdf)


Alle høyringsinnspel skal sendast via skjema:


Korleis sende inn høyrinsinnspel? 

  1. Velg elektronisk skjema - Melding til kommunen 
  2. Logg deg inn med ID-porten
  3. Under "Eg meld i frå om" - Skriv høyringsinnspel 
  4. Skriv inn ditt høyringsinnspel, legg ved eventuelle dokument.