Nytt tilbod om hjelp til livsstilendring i Aurland
Ynskjer du å kome i betre fysisk form? Eventuelt gå ned i vekt?
Ved helsetenesta i Aurland kan du no få litt drahjelp gjennom eit samarbeid mellom treningskontakt og legane ved legekontoret.
Du vil få oppfølging med 3 kontakter med lege; ved start, etter 3 månader og 6 månader. Det vil då bli tatt målingar på vekt, blodsukker, kolesterol og blodtrykk.
Mellom legetimane vil du få individuell oppfølging frå treningskontakt. Ho vil gi råd i høve kosthald og aktivitet.
Til slutt vil me ha eit felles møte mellom deg, treningskontakt og lege med oppsummering (for dei som ynskjer det).
Dette tilbodet passar for alle som ynskjer litt hjelp for å få ein betre livsstil –både yngre og eldre, den som har litt høgt blodtrykk, sukkersyke, eller kun ynskjer hjelp til endring.
Nytt sjansen til å få i gong ei endring i livet ditt 😊
Det blir vanleg betaling for legetimane (gratis om du har frikort), og all oppfølging ved treningskontakt er gratis.
Har du spørsmål, eller vil bli med på dette:
Ta kontakt med treningskontakt Elise Malme: 4745 3909 eller elise.malme@aurland.kommune.no
Eller legekontoret: 5763 2999
Sterk og Stødig
Sterk og stødig
Treningsgruppe
Lokaler | Tidspunkt | |
Flåm | Flåm skule i gymsalen |
Måndagar kl. 11-12 |
Aurland | Kantina på sjukeheimen | Oppstart er ikkje satt. |
Ta kontakt med aktivitetsrettleiar/treningskontak for meir informasjon og eventuell deltaking på tlf 474 53 909
Treningskontakt kan tilby individuelt tilpassa aktivitet etter brukarens funksjonsnivå, ønsker og behov. Målet med den fysiske aktiviteten skal være realistisk og basert på gode mestringsopplevingar. Tiltaket er meint å være hjelp til sjølvhjelp, der brukarane sjølv etter kvart tar ansvar for eigen trening. Med god starthjelp frå treningskontakt vil ein kunne komme i gang og etablerer gode vaner.
Treningskontakten i Aurland kommune har tilbod om individuell trening, friluftsaktivitetar, styrketrening i gruppe og ballspel i hallen. Har du andre ynskjer og behov vil ein prøve å tilpasse etter dette.
Treningskontakten er i tett samarbeid med ruskonsulent, psykisk helse, NAV, fysioterapeut, lege og kreftkoordinator. Ein kjem i kontakt med treningskontakt ved å bli henvist frå ein av desse instansane. Tilbodet er eit lavterskeltilbod som er gratis.
Aktivitetsoversikt i Aurland kommune 2023
Aktivitet |
Aldersgruppe |
Kontaktperson |
Kontakt/påmelding |
Innebandy |
Vaksne |
Svein Even Dale |
913 00 429 |
Barnetrim |
4 år opp t.o.m 4 klasse. |
Malin Fimreite |
994 64 962 |
Boksing |
|
Reinhardt Sørensen |
959 84 604, Reinhardt.Sorensen@aurland.kommune.no |
Dykking |
16 år og opp |
Kristjan Arnason |
915 29 041, arnason@gmail.com |
Fotball |
10-12 år 13-17 år Damer |
Roar Vindedal Sivert Bakk Oda Beate Lerheim |
907 54 806 920 91 697 418 47 763 |
Fotball miniputt |
6-9 år |
Linn Skjærlund |
476 06 366 |
Friidrett |
|
Mario Baltov Midje |
975 63 388 |
Håndball |
4. klasse og opp |
Torill Ebne May Britt Martinsen |
419 28 071 918 53 312 |
Klatring |
Ingen aldersgrense |
Kristjan Arnason |
915 29 041, arnason@mail.com |
Spinning |
16 år og opp |
Torill Ebne |
419 28 071 (krever ikkje medlemsavg/treningsavg i AIL) |
Step/styrke |
16 år og opp |
Therese Vindedal |
934 21 351 |
Symjing |
3 år og opp Vaksenopplæring |
Sandra Johannsen |
45 44 47 31, aurlandsymjegruppe@mail.com |