Overgrepsmottak
Vi er døgnbemanna med sjukepleiarar og legar i vaktberedskap.
Vi er døgnbemanna med sjukepleiarar og legar i vaktberedskap.
Vi har eit overgrepsmottak som tilbyr samtale, undersøking, prøvetaking, sporsikring og behandling ved seksuelle overgrep og for dei som har vert utsett for vald i nære relasjonar.
Ring legevaktsentralen SYS-IKL på telefon 57 72 37 48 og be om å bli satt over til overgrepsmottaket. Alle legevaktsentralane i Sogn og Fjordane har direktenummeret til legevaktsentralen i Førde som formidlar kontakt vidare med vakthavande på overgrepsmottaket.
Du kan henvende deg anonymt, og treng ikkje å oppgi personalia eller kva saka gjeld, før du vert satt over til oss. Du kan ta kontakt på telefon for rådgiving eller avtale om oppmøte hjå oss. Du kan også ta kontakt på vegne av andre enn deg sjølv. Du treng ikkje tilvising frå lege for å komme til oss.
Du kan også sende oss ein SMS på telefon 929 88 785 dersom du ynskjer at vi skal ta kontakt med deg. Du vert då kontakta på dagtid måndag – fredag mellom 09:00 og 15:30.
Du får dekka transport til overgrepsmottaket. Undersøking, medisinsk behandling og oppfølginga du får vil vere utan kostnad for deg. Du får også tilbod om gratis bistandsadvokat.
Overgrepsmottaket ligg i eigne lokale i bygg Aust ved Førde sentralsjukehus, har skjerma inngang og du kan komme til mottaket utan å treffe på andre enn sjukepleiaren og legen som tek imot deg. Du kan også komme til oss ved kontakt med legevakta SYS-IKL.
Vi gir behandling med omsyn til infeksjonsrisiko, uønskt graviditet og eventuelt fysiske skadar etter eit overgrep. Du får hjelp til oppfølging vidare i helsesporet i høve fysisk og psykisk helse. Du får tilbod om gratis bistandsadvokat i inntil 4 timar, og historia og rettsmedisinske spor vert dokumentert på ein måte som held i rettsystemet. Dette gjer det enklare for dei overgrepsutsette dersom dei i etterkant vel å anmelde saka, og sikrar deira rettstryggleik i tillegg til den medisinske behandlinga.
Det er viktig at du kjem til overgrepsmottaket snarast mogleg etter eit overgrep, for å få den beste helsehjelpa og best mogleg dokumentasjon av kva som har skjedd. Det er viktig å ikkje vaske seg eller byte klede før du kjem til oss. Kom som du er!
Det er ingen tidsfrist for å ta kontakt, og du kan også ta kontakt med oss, lang tid etter at overgrepet har skjedd.
Vi vil understreke at teieplikta etter helsepersonellova gjeld for dei som tek kontakt med oss. Det er den overgrepsutsette sjølv som vel om saka skal anmeldast eller ikkje, og dette spørsmålet treng du ikkje å ta stilling til når du kjem til oss. Alle opplysningar som vert gitt til oss vert lagt i lukka journal. Du bestemmer sjølv kva informasjon som kan gå vidare til eigen lege eller andre i hjelpeapparatet.
Legevakt (heile døgnet): 116117
(578 32 300 frå anna legevaktdistrikt)
KAD: 578 31 482
Administrasjonsnummer: 577 23 745 Overgrepsmottaket: 577 23 748
Svanehaugvegen 2, Hildrabygget
6812 FØRDE
SYS IKL
Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE