Bakgrunnen for prosjektet er eit ønskje om at NAV sine tenester, både kommunale og statlege, skal bidra til ei positiv utvikling for regionen.
Etter eit omfattande analysearbeid som mellom anna omfatta folketalsutvikling, behovet for kvalifisert arbeidskraft og tilbakemelding til NAV frå brukarar og bedrifter vedtok styringsgruppa i mai følgjande mål:
«Næringslivet får i større grad dekka sitt behov for kvalifisert arbeidskraft ved at fleire - og særleg unge - som står utanfor kjem i arbeid».
I møte 1. november vedtok styringsgruppa to løysingsforslag som NAV kontora i regionen i samarbeid skal prøve ut i 2022:
Regionalt inkluderings- og rekrutteringsteam
Teamet skal dekke heile regionen og ha tett kontakt med næringslivet slik at vi har oppdatert kunnskap om behov for arbeidskraft og kva kompetanse dei treng i dag og framover. Dette er viktig slik at NAV kan formidle ledige raskt og effektivt til ny jobb raskt, men også i høve kva opplæringstiltak som er nødvendige.
Regionalt kompetanseteam ungdom
Styringsgruppa peika på ungdom som ei særleg viktig målgruppe i regionen. Også hjå oss strevar mange unge med å gjennomføre skule og klare overgang til jobb. Vi ønskjer at dei unge skal får gode tenester og bistand på veg til utdanning og jobb. Teamet skal bidra til at vi møter dei unge på ein god måte, nyttar oppdatert kunnskapsbasert metodikk og deler dette med alle som arbeider med ungdom hjå oss.
På slutten av 2022 skal vi vurdere korleis vi har lukkast i høve dei måla vi har sett oss. Dette vil vere grunnlaget for avgjerd om arbeidsmåten som er utprøvd blir del av ordinær drift etter prosjektperioden.
NAV
Mål
Sikre og vidareutvikle heilskaplege NAV-tenester for brukarane i region Sogn
Føremål
Etablere regional struktur på NAV-kontortenestene
Gi ny giv for kompetanseutvikling
Avdekke arbeidskraftbehovet til lokale og regionale bedrifter og bransjar
NAV region Sogn omfattar Vik, Aurland, Lærdal, Årdal, Luster og Sogndal
Styringsgruppe:
Rådmenn/ kommunedirektørane i regionen
Direktør og ass direktør NAV Vestland
Leiar NAV region Sogn
Medarbeidarrepresentant og verneombod NAV region Sogn