Me fekk ein fin kveld på Håbakken, med omvisning på pakkeriet til Sogn Frukt og Grønt SA og mat servert frå Sognasmak. Etter dette fekk høyre meir både om  Sognasmak og Sogn Frukt og Grønt SA ved Harald Blaaflat Mundal og Kari Sigrun Lysne. Me fekk og høyre kva tilskotsordningar som finst frå regionale myndigheiter, ved Synnøve Vonen Kvaal frå Statsforvaltaren. Fredrik Grov Hestetun fortalde om ciderproduksjonen sin og me hadde idemyldring om kva moglegheiter me kan ha i framtida innan frukt og grønt.

Felles Landbrukskontor ÅLA håpar å kunne ha fleire liknande samlingar framover, og me vil gjerne ha innspel på tema som kan vere av interesse.

Takk for fin samling!