Aurland kommune vil på vegne av kommunekomiteen få rette ein stor takk til alle bøssebærarane som var ute og gjekk i regnveret. Utan dei så hadde ikkje TV-aksjonen vore mogleg å få til.

Me må òg få takke innbyggjarane i Aurland for ei givarglede som er utruleg flott. Næringsliv, skular, private, lag og organisasjonar har bidrege på ymse vis. Om ein skal nemne nokon, så må det vere Aurland barne- og ungdomsskule som har bidrege med 20 000 kr. Dei arrangerte skuleløp og turmarsj til inntekt for TV-aksjonen.

Resultatet her er 112,35 kr pr. aurlending. Til no er det samla inn 199 752 kr i Aurland.

For fleire resultat kan de gå inn på linken: https://giverstafett.no/sogn-og-fjordane/aurland