Elevar på Aurland barne- og ungdomsskule har sett eit høgt mål; 1000 besøk til dagsturhytta før den offisielle opninga (dato ikkje fastsett).

Allereie no har kring 600 personar skrive seg i turboka, så målet er i sikte.

Aurland kommune set stor pris på at så mange tek turen til dagsturhytta. Som bonus vert 2 personar blant dei 1000 fyrste som skriv seg i turboka, trekte ut og får kvar sin billett til Flåm Zip-line.

God tur og lukke til!


Sjå også: Dagsturhytta