Då har Revmatikarlaget fått tildelt symjetid. Dei har ikkje eigen badevakt. Eit lag betalar 550 kr med kommunal badevakt, eller 250 kr utan vakt. Har dei ikkje eigen badevakt, så må dei skaffe det. Kurs og opplæring som badevakt vert gjeve i Aurland av godkjend instruktør for dei som kan tenkje seg det.

Det er ikkje eige trimtilbod for eldre i Aurlandshallen, sett bort frå fotballtreninga for dei over 50+. Då er trimrommet i Aurlandshallen einaste tilbodet. Opningstidene i trimrommet er frå 1. november til og med 30. april: måndag, onsdag og fredag frå 17.00-21.00. Torsdag 16.00-19.00 og laurdagar frå 14.00-16.00

Frå 1.mai til og med 31. oktober er opningstidene slik: måndag, onsdag og fredag 17.00-21.00. Det er eigen treningsinstruktør i trimrommet. Alle som vil trene i trimrommet må kjøpe treningskort der.