Turistsesongen er her allereie og det merkast med større pågang. Konsekvensane av dette vert lengre ventetid for dei fleste.

Dei som har hatt Sverre Enkerud som fastlege, må vente til ny lege er på plass. Dette gjeld dei problemstillingane som kan vente. Kommunen arbeider med å få på plass ein vikarlege etter pinse. 
Alt som hastar blir tatt hand om.

Kommunen beklagar dei ulempene situasjonen medfører.
Innbyggjarane skal vere trygge å at kommunen gjer det som ein kan for at alle innbyggjarane skal få gode, trygge helsetenester.
Kommunen håpar på betre kapasitet snarleg, slik at ventetida blir kortare. 

Aurland kommune v/ Frøydis Gullbrå, kommunelege og fagleg ansvarleg ved legekontoret.