Tekst frå Aurlendingen mars 2020:

Dersom oppsett framdriftsplan vert halden kan eit reguleringsforslag for Flåm sentrum leggjast ut på første gongs høyringsrunde i slutten av august i år.

- Me både kjenner på og forstår at det vert venta på denne viktige reguleringsplanen, og har lagt opp til ei snøggast mogleg framdrift som me håpar skal halda, seier planleggar i Aurland kommune, Anja Marken.

Vil avgjere

No framover skal det prioriterast høgt å gjere ferdig naudsynte utgreiingar, mellom anna overordna plan for vatn og avløp og ein sikringsplan for eit sentrumsområde som kan vere flaumutsett. – Det er rapportane om desse tilhøva som vil avgjere kva og, korleis, det kan byggjast på området, seier Marken. I tillegg skal det i utførast eit støysonekartlegging knytt til bane NOR og hamnevesenet sin aktivitet, og det skal kanskje gjennomførast  grunnundersøkingar for å mellom anna finne ut om det kan vere mogleg å byggje meir i høgda, slik det frå einskilde er ytra ønskje om. Det skal nyttast ekstern bistand for å utarbeide desse rapportane og utgreiingane, og det må takast atterhald om at desse har naudsynt kapasitet til å utføre arbeidet i tråd med kommunen sin oppsette framdriftsplan.

Opne møter

– Internt så skal me greie ut tilhøve om vegar og parkeringsareal, og då i lys av planlagt, eller ønska, sikring av nedste del av Flåmselva. Det er sett som mål i framdriftsplanen at ein fullstendig risiko og sårbarheits-analyse (ROS–analyse) skal vere ferdig til august i år. Om dette lukkast kan også eit ferdig forslag til reguleringsplan vere ferdig om lag samstundes. I så fall kan plan- og eigedomsutvalet gjere vedtak om første gongs utlegging til offentleg ettersyn på sitt møte den 21. august, seier Marken. 

– Derifrå då? – Den vidare prosessen vil avhenge mykje av mengd høyringsinnspel og uttalar. I denne fasen, etter første utlegging, vil me også satse på opne dialog- møter med dei ulike interessene i Flåm, seier Anja Marken, som reknar med at ein endeleg vedteken reguleringsplan for Flåm sentrum kan liggje føre i februar neste år.

Byggjestopp?

I plan- og eigedomsutvalet er det drøfta kor vidt det, i påvente av ferdigstilt reguleringsplan, bør innførast byggjestopp i planområdet. Det vil i så fall bety at det ikkje lenger vil verte gjeve dispensasjonar for større byggjeprosjekt innanfor det området som ny reguleringsplan skal gjelde for. Det er venta at utvalet ønskjer ei orientering om dette i sitt neste møte, den 30. mars.