Som grunnlag for flaumsonekartlegging og erosjonsanalyse gjennomførte kommunen laserscanning av Flåmsdalen frå Leina og til fjorden i slutten av mars/starten av april 2016. I tillegg vart det gjennomført supplerande oppmålingar i marka sommaren 2016.

Resultata frå utgreiingsarbeidet syner att det innanfor planområdet stort sett er A-feltet det er mogleg å gjennomføre tiltak på.

Følgjane vert lagt til grunn i høve vidare utbygging:

    • Nye bygg må dimensjonerast som tette løysingar som kan tole nye flaumar. Kommunen må då tillate att uteareal er utsett for flaum. Til vidare prosjektering av slike løysingar krevst det tett samarbeid med fagkyndige med erfaring og kompetanse knytt til grunntilhøve, skred- og flaum trygging.
    • Det må gjennomførast tiltak i høve stormflo.
    • Areal som er peika på som viktige flaumareal kan ikkje hevast.
    • Enkelte bygg kan tillatast på Orøyane dersom dei vert dimensjonert til å tole flaum(dvs tette konstruksjonar). Slike tiltak må konsekvensutgreiiast og vurderast særskild kvar for seg.

Dei ulike rapportane kan lastast ned her:
- Notat - oppsummering av naturbasert sårbarheit
- Flaumsonerapport, vedlegg 1 og vedlegg 2
- Erosjonsvurdering - faresoner for erosjon, Flåmsvassdraget
- Faresonering for Flåm sentrum
-Stormflo og bølgjeanalyse