Friluftslivsområda i kommunen har blitt delt inn i ulike områdetypar, alt frå leike- og rekreasjonsareal til store turområder med eller utan tilrettelegging. Desse områda vil no få ein status som «ikkje klassifisert friluftslivsområde», «registrert friluftslivsområde», «viktig friluftslivsområde» eller «svært viktig friluftslivsområde». Det er hovudsakleg sju kriterium som avgjer kva status områda får:

  1. Kor stor bruken av området er.

  2. Om området blir brukt av regionale eller nasjonale brukarar.

  3. Om området har nokre spesielle natur- eller kulturhistoriske kvalitetar eller eit spesielt landskap.

  4. Symbolverdien til området.

  5. Om området har ein spesiell funksjon, til dømes om det fungerer som korridor til andre friluftsområder.

  6. Om området eignar seg spesielt godt til aktivitetar det ikkje finns andre alternative området til.

  7. Om området er tilrettelagt for spesielle aktivitetar eller grupper.

Områda blir rangert på ein skala frå 1 til 5 innanfor kvart kriterium. Det er nok at området får ein femmar innanfor eit av kriteria for at området skal bli registrert som «svært verdifullt friluftslivsområde». Etter at arbeidsgruppa er ferdig med verdsettinga blir planen lagt ut på høyring.

 

Sjå også: Skal kartleggje friluftslivsområda i Aurland kommune

Sjå også: Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde i Aurland kommune