​Juli 2020: Helsing frå ordføraren

Juli månad står framføre oss. Vanlegvis er dette den månaden dei fleste av oss byrjar på ein etterlengta og velfortent ferie. Kor lang ferien vert, og kva vi brukar den til, er individuelt. I år veit vi likevel at for dei aller fleste av oss vert feriedagane brukte innanlands.

Enten du reiser til fjells, er ved sjøen, eller berre nyttar dagane til avkopling i eiga bygd: - god sommar og god ferie!

Trygve Skjerdal,

Ordførar

 

​Juni 2020: Helsing frå ordføraren

Mai er historie. Den kaldaste og turraste mai månad i manns minne, meiner mange. Me kan sjå framover mot stigande temperaturar og fine sommardagar.

Ferietida nærmar seg , men vert nok annleis enn planlagd for mange. Ingen utanlandsferie for oss, og ikkje utanlandske gjester i vårt land. Det vert såleis ein spesiell sommar, men no folkens, kan me nytte høvet til å feriere sjølve i dette flotte landet vårt. Me kan boltre oss i flott natur,  i vakre bygder, og blant fine folk. Slik hjelper me ei hardt råka reiselivsnæring, samstundes som vi kan få oss ein kvalitetsferie. Kanskje er dei beste ferietilboda nærare enn du trur?  God sommar til alle.

Trygve Skjerdal,

Ordførar

 

Mai 2020: Helsing frå ordføraren

Mai månad står for døra. Truleg den månaden i året som tydlegast symboliserer nytt liv. Trass den spesielle situasjonen me lev i no, endrar ikkje dette seg. Naturen vaknar til liv, -trea skyt knoppar, graset veks og i natur og fjøsar vert nytt liv fødd. Alt er ved det gamle hjå verdiane som er grunnleggjande for eksistensen vår. Nyt vårmånaden, og bruk naturen.

Høgtidsdagane i mai i år kan ikkje markerast på tradisjonell måte. Korkje 1. mai, 8. mai eller grunnlovsdagen 17. mai kan feirast slik vi vanlegvis gjer. Eg vil likevel oppmode om at dagane vert markerte så langt det let seg gjera utan å utfordre smittevernreglane. Det er lov å heise flagg, rope hurra, ha små samkomer, ete is og anna som er kjekt.

Ha fine mai-dagar alle saman!

Trygve Skjerdal,

Ordførar

 

April 2020: Helsing frå ordføraren

Knapt nokon gong har landet vårt og kommunen vår vore sett på større prøve enn no. Ingen av oss veit kor lenge korona-spøkelset vil halde grepet om oss, og ingen veit heller korleis skadeverknadane vert til slutt.

Ein ting er sikkert. Me skal få den flotte bygdi vår tilbake på rett kjøl etter kvart, minst like god som den me hadde.

I mellomtida må me halde motet oppe, bruke dagane på ein positiv måte, følgje smittvernreglane nøye, og ta vare på dei rundt oss! 

Truleg vert situasjonen verre før den vert betre, men hugs: også denne situasjonen går over.

Trygve Skjerdal,

Ordførar

 

Mars 2020: Helsing frå ordføraren

Nok ein gong ser vi kva lokalt engasjement og handlekraft betyr. For kort tid sidan opplevde vi ein brann tett inntil trehusmiljøet i Undredal. Denne brannen starta om natta og hadde potensiale i seg til å kunne bli katastrofal. Faktorar som stilt ver og varmegrader spela positivt inn den natta, men likevel tyder alt på at den lokale handlekrafta var heilt avgjerande for det gode utfallet. Mange av innbuarane i Underdal bidrog med førstelineinnsats, og heldt brannen i sjakk med hageslangar inntil ressursar frå vårt gode kommunale brannvern nådde fram og overtok sløkkearbeidet. Det er alle grunn til å takke alle som gjorde ein innsats.

Trygve Skjerdal,

Ordførar

 

Februar 2020: Helsing frå ordføraren

Januar månaden er for mange av oss den månaden der nyttårsforsett skal setjast ut i livet. Mange skal få bort nokre kilo gjennom trim og kosthold, andre skal bli meir miljømedvitne, og somme skal slutta å røyka. Gode forsett alle, men i mange høve vert forsetta raskt brotne eller smuldrar bort i ein  travel kvardag.

Eit forsett bør likevel vera lett å etterleva: lat oss bruke sosiale medium som den flotte og viktige møteplassen det er tenkt som. Det me formidlar der skal vera underhaldande, informativt, kreativt, sosialt, sakleg og gjerne litt provoserande, men ikkje sårande eller sjikanerande.

 

Trygve Skjerdal,

Ordførar

 

Januar 2020: Helsing frå ordføraren

Atter har vi skifta årstal og tiår. Dette gjev grunn til ettertanke og refleksjon, og kanskje meir enn vanleg ved dette årsskiftet. I mange kommunar og fylker rundt om i landet vart det frå årsskiftet endringar i grenser, namn og strukturar. Kommunar og fylker er slått saman, -nokre friviljug, andre med tvang. Også vår kommune er råka. Fylket vårt, Sogn og Fjordane, er slått saman med nabofylket Hordaland, og skal heretter kallast Vestland. Vi vert langt større på alle måtar. 

Kva dette vil bety for oss i Aurland vil visa seg i tida framover. Det er likevel viktig at me tek denne endringa på alvor, og at me møter framtida på ein konstruktiv og positiv måte.

Ordføraren vil på vegne av alle folkevalde ynskje både fastbuande og besøkjande eit Godt nytt år!

 

Trygve Skjerdal,

Ordførar

 

Desember 2019: Helsing frå ordføraren

I november månad har vi hatt markeringar og arrangement frå fleire frivillige lag og personar. Aurland Songlag har markert sine 110 år, og Aurland sanitetslag sine 105 år. Begge laga har vore sentrale i bygdebildet, og vil ganske sikkert vera det også framover. 

I tillegg har mange av oss hatt besøk på dørene av Aurland Røre kors sine julelodd- og kalenderseljarar. I avisa kunne vi nyleg lese om Toril Torsvik Ebne, som er nominert til frivilligheitspris for sin lange og gode innsats i Aurland Idrettslag. Imponerande er det rette ordet til å beskriva Sissel Aalen og Anders Aasen sine flotte arrangement til inntekt for kreftsaka. Både basaren og kyrkjekonserten var framifrå! 

Felles for alt dette er at det vert gjennomført utan andre mål enn å gleda seg sjølv og andre. Lat oss setje pris på dei som står på for oss alle, og lat oss heia fram dugnadsånda, også i framtida.

Julehøgtida nærmar seg. Mange er dei som har forventningar til dagar med familiekos, god mat og drikke, gåver og det som høyrer jula til. Pass likevel på at det er plass til kos og hygge, også i førjulstida. 

Eg ynskjer med dette god jul og godt nytt år!

 

Trygve Skjerdal,

Ordførar​

 

November 2019: Helsing frå ordføraren

Kommunevalet er unnagjort, og den politiske kvardagen byrjar etterkvart å komme i normalt gjenge igjen. Ordføraren har allereie hatt fleire veker i teneste for bygda, og i desse dagar er dei folkevalde i ferd med å finne plassane sine i ulike utval og nemnder. I fire år framover er det desse som skal prege det politiske landskapet, og som skal vera med å stake ut kursen for kommunen. Bygdefolket har gjeve oss tillit, og eg er trygg på at alle folkevalde, både gamle og nye, vil gjera så godt dei kan for å vise seg tilliten verdig.

Hausten er over oss, og vinteren står for tur. Mørkret tek meir av døgnet, og timane innandørs vert fleire. Likevel er det mange mjuke trafikantar som ferdast langs vegane i den mørke delen av døgeret. Somme går tur, andre på veg frå eller til arbeid. Ei gruppe me må ta særleg omsyn til er skuleelevane våre. Desse ferdast dagleg langs trafikkerte vegar til og frå skulen. Ei oppmoding må vera: Køyr forsiktig. Og til mjuke trafikantar: Syt for at du er synleg, bruk refleksvest eller liknande.

Trygve Skjerdal,

Ordførar​