Kva kan så du som huseigar gjere for å tilrettelegge din eigen bustad? Eg føreslår at du ser etter korleis det står til med BADET. På badet utfører me daglege gjeremål som har mykje å seie for trivsel og helse. På badet skal me vere mest mogleg sjølvhjelpne og me skal føle oss trygge. Sidan badet er så viktig for kvar av oss, ikkje minst når me blir eldre, blir det fleire innlegg om dette rommet framover, og denne gongen fokuserer me på dusjen.

  • Dusjkabinett kan vere vanskeleg å stige ut og inn av. Det kan og vere vanskeleg for ein hjelpar å komme til i eit dusjkabinett
  • Det bør vere eittgreps dusjarmatur, og det må vere lett å nå både når du sit og når du står (0,9-2,1 m frå golvet)
  • Det beste er å ha dusj rett på golvet, i eit hjørne av rommet. Det må vere fall frå alle rommets fire hjørne, og sjølvsagt sluk i dusjen. Dusjområdet bør vere 1,6 x 1,3 meter
  • Dusjforheng eller dreibare dørar er praktisk. Då skjermar du resten av rommet mot søl under dusjing, og du kan bruke arealet når dusjen ikkje er i bruk
  • Varme i golvet er både behageleg og praktisk. Golvet tørkar fort, og faren for fall blir mindre
  • Eit støttehandtak er godt å ha i dusjen. Det finst korte og lange støttehandtak. Det finst og kombinerte støttehandtak og feste for dusjarmatur. NB: Støttehandtak krev forsterkningar i veggen
  • Toalettet kan godt vere i nærleiken. Då kan du sette deg der når du skal tørke deg og kle på deg
  • Kontrastar gjer det lettare å orientere seg i dusjen

Bildet viser ein dusj som er funksjonell på mange måtar:

  • Det er god plass og sluken er godt plassert
  • Det er kontrast mellom veggen og golvet
  • WC er i nærleiken

Nokre innvendingar:

  • Det er verken dusjforheng eller svingbare dørar, men huseigaren seier det ikkje er noko sakn. Det er varme i golvet og tilstrekkeleg fall mot sluk, så det blir lite søl
  • Festestanga for dusjhodet går ikkje langt nok ned. Det er vanskeleg for den som sit å hjelpe seg sjølv.
  • Det kunne vore eit støttehandtak. Det burde i så fall stått i kontrast til veggen

Korleis er framkommelegheita i ditt eige hus? Aurland kommune ønskjer at du kan bu i din eigen heim så lenge du ønskjer. Dersom du har spørsmål om korleis du kan gjere tilpassingar for alderdommen kan du ta kontakt med:

Ergoterapeut Anna K. Marstein

e-post: a.k.marstein@aurland.kommune.no

Tlf 9598 4630. Kontorstad Fjordsenteret

Sjå også: 
Planlegg alderdommen! - badet - vasken  
Planlegg alderdommen! - trappa 
Planlegg alderdommen! - dørstokk
Planlegg alderdommen! - tilkomst