Kva kan så du som huseigar gjere for å tilrettelegge din eigen bustad? Eg føreslår at du ser etter korleis det står til med tilkomsten til huset:

  • Er det langt frå parkeringsplass til inngangsdøra?

  • Er det stigning fram til inngangsdøra?

  • Korleis er dekket? Grus, asfalt, terassebord, betongstein? Blir det glatt når frosten kjem?

  • Er det trapp eller andre hindringar før du kjem inn i huset ditt?

  • Er det tak over inngangspartiet?

  • Er det plass til å snu ein rullestol eller rollator?

  • Er dørstokken høg?

Huset på bildet ligg sentralt i bygda og ikkje langt frå parkeringplass. Det er sett opp rekkverk langs veggen. Men det byr på nokre utfordringar for menneske med nedsett rørsleevne:

  • Det er ein nokså bratt grusbakke opp til inngangsdøra

  • Det er flatt foran inngangsdøra, men ein høg kant for å komme opp dit

  • Det er lite plass for å snu ein rullestol eller rollator inn mot døra

  • Dørstokken er høg

Korleis vil din eigen tilkomst komme ut i ein slik gjennomgang? Aurland kommune ønskjer at du kan bu i din eigen heim så lenge du ønskjer. Dersom du har spørsmål om korleis du kan gjere tilpassingar for alderdommen kan du ta kontakt med:

Ergoterapeut Anna K. Marstein
e-post: a.k.marstein@aurland.kommune.no
Tlf 959 84 630
Kontorstad: Fjordsenteret