Aurland er ein handelskommune, med nest høgast omsetning pr. innbyggjar i Sogn og Fjordane.

Då er veldig bra at me også har eit desentralisert tilbod. Me er stolte av butikken i Undredal og utruleg glad  for at det vert satsa vidare.

Merkurprogrammet har nettopp som føremål å sikra nærbutikkane. Ikkje berre for butikkane, men for lokalsamfunna.

Det er flott at ein har prosjektet Kommunen og nærbutikken.

Og sjølvsagt ekstra bra at me får eit Kommunalt tenestepunkt på butikken i Undredal.

Det er til stor gagn nettopp for kommunen og innbygjarane våre.

Nettkafe, kaffi, lokalt teneste- og informasjonstorg, bibliotek og ikkje minst den gode møteplassen.

Stor ære og glede å avduka Merkur-skilt og opna Kommunalt tenestepunkt på Nærbutikken Underdalsbui.

Noralv Distad
Ordførar