Me har ledig 
10 % fast stilling som musikklærar ved musikk- og kulturskulen vår. Me treng deg som har kompetanse på fele/hardingfele til å undervise elevar ved kulturskulen.

Arbeidsoppgåver
- Undervisning av elevar på fele/ hardingfele
- Individuell undervisning
- Gruppeundervisning
- Samarbeid mellom lærarar og skulen og det frivillege musikklivet i Aurland
- Samarbeid om konsertar og arrangement
- Samarbeid for å få eit breitt kulturskuletilbod

Me tilbyr
- Bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum.
- Ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad.
- Gratis inngang til treningsrom og symjebasseng i Aurlandshallen.
- Hjelp til å skaffe bustad.
- Hjelp til å skaffe barnehageplass.
- Hjelp til å skaffe arbeid til partner.

Kvalifikasjonar
- Du må kunne spele fele/ hardingfele og ha utdanning innan faget
- Erfaring med undervisning i dette faget, samt erfaring med metodar og undervisningsopplegg   knytt opp til det å vere
musikklærar
- Notekunnskap
- Samarbeidsevner
- Engasjert

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 57 63 29 00. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at  namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Krav til språkkunnskapar
Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Gode engelskkunnskapar tel positivt.

Søknadsfrist    17.06.2022                                 Utlyst dato        31.05.2022                           Vårref                  836

Kontaktperson
Monica Hille, Tenesteleiar Kultur, tlf: 91541178, monica.hille@aurland.kommune.no