I fråsegna vert det sagt at dei krava som i nær framtid kjem for verdsarvfjordane, må gjelda nasjonalt. Vidare er det eit felles krav at skipa frå 2025 skal nytta landstraum. Det er og eit krav om at aktivitet i hamnene og utflukter skal bli utsleppsfrie.

Ordførar Noralv Distad er svært glad for den breie semja mellom dei store cruisekommunane i landet. Cruise er viktig for næring og verdiskaping i Aurland, og me gler oss over å dela vår fantastiske natur med gjester frå heile verda. Men skal cruise være ei viktig næring òg i framtida, må utviklinga vera framtidsretta. Strengare, nasjonale utsleppskrav og elektrifiserte hamner vil vera avgjerande.

Torsdag gav kommunestyret i Aurland formell  tilslutnad til fråsegna.

Kommunane bak fråsegna er: Tromsø, Kristiansand, Trondheim, Rauma, Molde, Aurland, Stavanger, Nordkapp, Oslo, Ålesund, Bergen, Eidfjord og Stranda.

Miljøvenleg cruisenæring