Meir om kommunen og stillinga
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing. På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden i Aurland kommune er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

Me har ledig
frå 01.08.2022 ledig vikariat i 80 % stilling, vikariatet kan bli forlenga.

Arbeidsoppgåver
- legemiddelhåndtering og administrering
- dokumentasjon i fagsystem etter gjeldande lovverk
- jobbar med velferdsteknologi/ kvardagsrehabilitering
- pasientansvarleg sjukepleiar
- ansvar for elektronisk meldingssystem- lege/sjukehus
- tverrfagleg samarbeid
- oppgåver delegert frå avdelingsleiar
- yte nødvendig helsehjelp, tilrettelegging og stell
- oppfylging og revidering av sjukepleiefaglege prosedyrar
- medisinsk oppfylging og behandling
- heimebesøk og kartlegging av behov

Kvifor søkje jobb hjå oss
Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, me er opptatt av fagleg utvikling og det vert gitt høve til kompetanseheving i form av kurs og opplæring. Me har stort fokus på kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi, du vil få høve til å påverka morgondagensomsorg. Me nyttar også digitale verktøy i oppfølgingsarbeid. Basen vår er sentrumsnært rett ved fjorden. Det er kort veg til omsorgsleiligheter og me nytta arbeidsbil i arbeidstida.

Kvalifikasjonar
-  du må ha autorisasjon som sjukepleiar
-  søkjar må kunne dokumentere gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
-  må ha førarkort

Me søkjer deg som
er motivert til å jobbe innan heimebaserte tenester og er lærevillig, set brukaren i fokus, og er strukturert og målretta. Vi arbeider både i team og sjølvstendig, det er viktig at du har gode kommunikasjonsevner og er ansvarsbevisst. I løpet av ein arbeidsdag møter du mange ulike utfordringar, du bør vere løysingsorientert, og kunne iverksette, følga opp og avslutte oppgåver. Vi legg vekt på personlege eigenskaper.

Me tilbyr
- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- gratis inngang til treningsrom og symjebasseng i Aurlandshallen
- hjelp til å skaffe bustad
- hjelp til å skaffe barnehageplass
- hjelp til å skaffe arbeid til partner

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg.

Det blir stilt krav om ny politiattest jf. helsepersonellova.

Generell informasjon om søknadsprosessen Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900.

Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at  namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Søknadsfrist    01.08.2022                                 Utlyst dato        22.06.2022                           Vårref                  815

Kontaktperson

Marit Irene Aas Nesheim, Avdelingsleiar, mobil: 93082671, marit.irene.aas.nesheim@aurland.kommune.no