Konsesjonssøknad 420 kV line Sogndal - Aurland - Folkemøte måndag 13. mai

Statnett har søkt NVE om konsesjon for oppgradering av leidningsnett mellom Sogndal trafo til Aurland trafo.

I Aurland kommune gjeld tiltaket i hovudsak etablering av ny linjetrasé frå Aurland I via Terakamben retning Lomatjernet. Vidare parallelt med eksisterande trase som kryssar fylkesvei 243 aust for Storagrovvatnet og nordaustover mot dei høgste partia langs traseen forbi Andisvatnet og  Ertrahaugsvatnet. Traseen går vidare nord og vest og passerer vest for Middagsnosi på Frønningen. Eksisterande leidningstrasé vil bli fjerna når anlegget står ferdig.

Det vert halde folkemøte om del av prosjektet som gjeld Aurland og Lærdal kommunar
måndag 13. mai frå 19.00 i Trudvang ungdomshus på Aurlandsvangen.

Statnett vil også halde open kontordag i rådhuset i Aurland 21. mai frå kl. 12:00 til 20:00 i kommunestyresalen.

Høyringsdokumenta ligg tilgjengeleg på NVE sine sider  

Alle som har meiningar om saka kan sende fråsegn til Norges vassdrags og enerigdirektorate, pb 5091 Majorstua, 0301 Oslo eller NVE@nve.no innan 03.06.2019

Du finn meir informasjon om prosjektet på nettsida til Statnett 

Rådhuset Aurland kommune
Rådhuset Aurland kommune
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
57 63 29 05


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland