Det er påvist bakteriar på offentleg leidningsnett tilknytt Undredal Vassverk. Det er ikkje påvist bakteriar ved prøvepunkt i høgdebassenget. Det er påvist koliforme bakteriar på prøveuttak i sentrumsområdet. Drikkevassforskrifta angir at det ikkje skal påvisast Koliforme bakteriar i offentleg drikkevatn.

I private vasskjelder bør ikke antallet Koliforme bakterier overstige 10/100mL. Ved antall over 10 bør vatnet kokes. Prøvar tatt 07.12.23 syner 11/100 ml.

Aurland kommune innfører difor kokepåbud i Undredal for abonnentar tilknytt offentleg leidningsnett. Påbod vil gjelde inntil 2 godkjente prøvar er påvist.   

Følgande tiltak vert iverksett:

  1. Det vert innført kokepåbud.
  2. Leidningsnett sentrum blir spylt på måndag 11.12.23.
  3. Reingjøring av høydebasseng vert utført mandag (ikkje påvist bakterier i bassenget). 11.12.23
  4. Det vert teke nye vassprøvar Tysdag 12.12.23

Aurland kommune vil sende ut sms til berørte abonnenter når kokepåbudet vert oppheva. Sjå elles link fra FHI\ Mattilsynet om råd ved koking av vatn.
 

Informasjon frå FHI/mattilsynet: Kva skal du gjere når det vert varsla at vatnet må kokast?

 

Ved spørsmål ta kontakt med 95984604