Kort om kjernejournal

  • Kjernejournal er ei ny elektronisk løysing som samlar nokon «kjerneopplysningar» om deg og di helse.
  • Både innbyggjar og helsepersonell får tilgang til opplysningane i kjernejournal.
  • Kjernejournal kjem i tillegg til pasientjournalane du har hjå fastlege, legevakt og sjukehus.
  • Helsepersonell har tilgang til kjernejournal via ein eigen helsepersonellportal, og innbyggjarar via helsenorge.no.
  • Helsedirektoratet er ansvarleg for utviklinga av kjernejournal.
  • Målet med kjernejournal:
  • gje tryggare helsehjelp
  • betre samhandlinga i helsetenesta
  • auke pasientmedverknaden

For innbyggjarane vil det vere ein tryggleik at dei viktigaste helseopplysningane om deg raskt vil kunne vere tilgjengeleg for helsepersonell. Det vil kunne gje deg tryggare helsehjelp i akutte situasjonar.

Kjernejournal vil verta oppretta automatisk i din kommune 1.mars. Alle som har folkeregistrert adresse i den same kommunen vil få ein kjernejournal, så lenge dei ikkje allereie har reservert seg.

Innbyggjarane kan sjølv sjå og leggje inn opplysningar i sin kjernejournal via helsenorge.no.

Når får eg kjernejournal?

Ein oversikt over kommunar der innbyggjarane allereie har fått kjernejournal og dei som no står for tur, finn du her (eller nedst i denne saka).

Ønskjer du ikkje å ha ein kjernejournal, kan du når som helst reservere deg. Det gjer du ved å logge deg inn på helsenorge.no og gå til innstillingane for din kjernejournal.

Kvar finn eg min kjernejournal?

På den offentlege helseportalen helsenorge.no får innbyggjarane tilgang til opplysningane i kjernejournal ved å logge seg på med sin elektroniske ID. Her kan innbyggjaren sjå informasjon som er lagra om seg sjølv og leggje inn nokon opplysningar.

Kjernejournal er ein av fleire tenester du kan sjå på helsenorge.no. Her finn ein også oversikt over innbyggjar sin fastlege, resepter og eigenandelar, i tillegg til andre sjølvbeteningstenester.

Meir informasjon?

  • På sjukehusene, legevaktane, legekontora og ulike stader i kommunane vil du finne avrivingsblokk (flyer) og plakat med informasjon om kjernejournal
  • Din kjernejournal vert oppretta 1. mars. Då kan du logge inn for å sjå din kjernejournal eller lese meir på helsenorge.no/kjernejournal
  • Du kan også ringe brukarstøtte 800HELSE (800 43573)

Helsepersonell i gang denne våren

I løpet av våren 2015 vil sjukehusa (akuttmottaket, AMK-sentralen og andre avdelingar), legevaktane, samt fastlegane og private spesialistar byrje å bruke kjernejournal. Helsepersonell skal bruke kjernejournal i samband med at pasienten er til behandling.

Kven vil no få kjernejournal?

I mars 2015 vil innbyggjarar frå følgande kommunar få kjernejournal:

  • Hordaland: Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bømlo, Eidfjord, Etne, Fedje, Fitjar, Fjell, Fusa, Granvin, Jondal, Kvam, Kvinnherad, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Odda, Os, Osterøy, Radøy, Samnanger, Stord, Sund, Sveio, Tysnes, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal, Voss, Øygarden
  • Rogaland: Bokn, Haugesund, Karmøy, Sauda, Suldal, Tysvær, Utsira, Vindafjord
  • Sogn og Fjordane: Askvoll, Aurland, Balestrand, Bremanger, Eid, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Gloppen, Gulen, Hornindal, Hyllestad, Høyanger, Jølster, Leikanger, Luster, Lærdal, Naustdal, Selje, Sogndal, Solund, Stryn, Vik, Vågsøy, Årdal

Sjå kva kommunar som allereie har kjernejournal her

Informasjonsbrosjyre om kjernejournal