Oppstart av namnesak 2022/98 – Kråkaviki/Kråkeviki, Fulaviki/Fuglaviki mfl. – Aurland kommune

Høyringsdokumenta vert lagt ut på høyring i 5 veker frå 7. februar 2022

Høyringsdokumentet frå Kartverket vert lagt ut på offentleg høyring, og vert sendt til dei grunneigarar kommunen kjenner til. Viss det skulle vere andre/ fleire grunneigarar bed me om at de tek kontakt med kommunen, slik at me får rydde opp i det.

Sakene vert offentleggjort, og ber om at dei som har merknader og innspel i denne prosessen kjem med skrifteleg tilbakemelding innan 13. mars 2022. Sjå eige skriv frå Kartverket, samt dei namna det vert reist sak om.

Tilbakemeldinga skal sendast til: Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland.

post@aurland.kommune.no eller de kan nytte elektronisk skjema.

Innspela må merkast med: Innspel til Namnenemnda og saksnummer 22/98.

Høyringa vert offentleggjort på kommunen si heimeside og i bladet Aurlendingen. Høyringa vert også lagt ut på Aurland Folkebibliotek.

Kartverket - oppstart av namnesak Kråkaviki_Kråkeviki Fulaviki_Fuglaviki med fleire.pdf
Innspel frå namnenemnda i Aurland Kommune 04.02.22.docx PDF document ODT document
Namneliste for sak 22_98 Høyring februar 2022.pdf