-Eg hugsar godt at det var samanhenande piggtråbuntar langs heile badestrondi for at ikkje nokon skulle koma uhinra i land her. Etter krigen vart denne piggtråen, av gardbrukarane på Brekke, brukt til over og undergurt på gjerder. Nye grenser vart markerte, og mange bukser sundrevne. Me ungane brukte stålringar som piggtråen var trekt i gjennom til å kasta på pinnar.

Den 19. april 1940 søkte eit Estlandsk skip, «Begonia», lasta med kol, ly for bomber frå tyske fly innover i Sognefjorden. Det kom til slutt inn til Flåm den 25. april. Inne ved Dampskipskaien kunne det ikkje liggja i fare for at skip og bygningar på land var lette mål for bombeflya. Fylkesbåten Stavenes hadde alt flytt seg til Kolakaien og Begonia prøvde finna ly under Sandhaugberi. Skipet vart ankra opp med to bauanker og bakka med full masin akterenden inn i Inste sandhaugen «Vetlesandhaugen» nett innafor Sandhaugnobbi.  Denne dagen bomba tyske fly oppe på Flåm, Lunden mot Stavanes og Begonia. Eit hus på Flåm vart treft, som ei eldre einsleg dame, Jens-Anna, budde i. Naboar tok seg av ho. Ho døydde seinare av skader ho fekk under bombinga.

På Lunden trefte bomber eit tomt uthus, som brann ned.                                                                          

GravsteinDet vart slept mange bomber mot Stavenes og Begonia. Ingen råka skipi. Manskapet på Begonia  gjekk i land i Sandhaugen og Kaptein Mihkal Kàgi vart råka av ein steinsplint i hovudet og dødde her. Steinsplinten vart utløyst av ei bombe som slo ned i fjellet ovafor. Han vart gravlagd på Flåm Kyrkjegard. Eit jernkors vart sett opp på gravi.  Etter krigen sette Flåm Ungdomslag opp ei steinstøtte med navn, fødedag 28.11.1902 og død 25.04.1940 og innskrift om hendinga. Gravi med gravstein er freda.

- Det er vemodigt å tenkja på. Han var fødd 7 dagar etter far min. Norske soldatar hogg hol i Begonia slik att skipet sokk. Mest for at tyskarane ikkje skulle kunna bruke kollasta og at skipet ikkje skulle vera eit bombeobjekt. Etter krigen vart kollasta pumpa opp.

Nokre av manskapet og han far rodde ut til skipet før det sokk og fekk redda mellom anna, tette tinnøskjer med stormfystikker i, faklar i ulike fargar, eit barkassekompass og flagstongi med spir frå hekken bak på skipet. Dette vart gøymt på «mørkaloftet» heime med unnatak av flaggstongi som vart brukt til not og garngalge. Faklar og stormfyrstikker vart brukte, så lenge det rakk, kvar nyttårsfeiring. Noko me borni gledde oss til. Barkassekompasset og flaggstongspiret har eg att.

Eg hugsar og at me hadde fleire tønner med skipskjeks ståande attmed elta der det vart kokt grismat. Tønner som flaut opp, som han far hadde henta då skipet sokk. Kjeksi skulle brukast til grisemat. Av og til tok eg meg nokre kjeks og åt. Dei var godt brukande, men det sa eg ikkje til nokon. Ikkje ein gong til grisene.

Skipet vart frigjeve for dykkarar for ein del år sidan, og er ofte brukt av dykkarar i Norge og dykkarar frå Finland, Danmark, Sverge og Tyskland, som held dykkarkurs og møter, middag og overnattar i Flåm. Tore Brekke var den  første som dykka her i Aurland, og utforska skipet og soga til dette. Det hadde først tilhøyrt England og så Danmark. Det heitte då Elisabeth. Kristjan Arnason er no leiar av Aurland dykkarklubb og tek på seg dykkaroppdrag og opplæring. Ved klar sjø, kan ein sjå akterenden på skipet frå sjøflata.

- Mange år seinare, då Tore Brekke frakta reservepropellen, som låg bak på hekken til skipet, inn til kranen på jernbanekaien, fekk eg eit barkasseanker hjå han, som eg òg har. Propellen ligg no på «Almenningen» mellom kaiane. Flåm skule laga eit opplysningskilt, som vart festa til denne i A4 format. (Eg veit at ho Siri Hande var med på å laga dette.) Det har mangla skilt her i mange år. Det fortel ingen ting om soga, anna enn at det er ein propell.