Ein vil samtidig understreka at handtering av søppel er eit delt ansvar, og det vert oppmoda om at alle følgjer opp på eigne områder.

Kommunen har merka seg at privatpersonar og bedrifter har teke tak og rydda opp også utanfor eigne område. Dette set me sjølvsagt stor pris på.

Aurland kommune vil minna om forbodet mot forureining.

Kommunen vil difor oppmoda alle, både private og næringsdrivande, til å rydde på eigen eigedom. Generelt skal næringsdrivande ha eigne ordningar for handtering av avfall og ikkje levere til kommune eller Statens vegvesen sine avfalls-containarar.

Kommunen kan gje pålegg om at den som har etterlatt, tømt eller oppbevart avfall i strid med forureiningslova § 28 innan ein fastsatt frist for å rydde opp.

I forureiningslova § 28 står det følgjande: «Ingen må tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan virke skjemmende eller være til skade eller ulempe for miljøet. Den som har overtrådt denne bestemmelsen skal sørge for nødvendig opprydding».

Kommunen oppmodar alle til å ta eit grep for miljøet. Kostnadar ved å hindre eller avgrense forureining og avfallsproblem skal dekkast av den ansvarlege for forureininga eller avfallet.

Kommunen har kjennskap til fleire ulovlege tilhøve, som kan føre til ulovlegheitsoppfølging med gebyr og bøter, og i verste fall vert saka meld til politiet.

Kommunen vil innan våren 2020 systematisk følgje opp ulovlege tilhøve som er i strid forureiningslova. Etter dette vil kommunen setje i verk ulovlegheitsoppfølging på slike saker.


Kva kan de gjere no i mellomtida?

- fjerne gjenstandane og levere det til godkjent avfallsmottak for å unngå pålegg.