Det vert laga til ein parkeringsplass ved innkøyringa til bygda som snart skal i bruk, men mange reisande vel framleis å køyre inn i bygda og parkere i sentrum. Denne aukande trafikken er ei kjelde til frustrasjon for innbyggjarane, samstundes som at det kan oppstå farlege situasjonar. Det er også ynskjeleg at turismen i endå større grad skal bidra til lokal verdiskaping. Me trur det kan vere potensial for betre situasjonen for både innbyggjarar, besøkande og næringsliv gjennom å vere opne og utforske nye løysningar.

Ettersom Solvorn i Luster kommune og Fjærland i Sogndal kommune har liknande problemstillingar, tok Sogndal initiativ til å gå saman om ein søknad til innovasjonsprogrammet GNIST. Me ville ha nokon til å utforske korleis ein kan legge til rette for ein berekraftig bygdeturisme som tek vare på lokale kvalitetar. Vinnaren av anbodskonkurransen blei designbyrået Lokalt Byrå, i samarbeid med innovasjonsstudioet Æra strategic innovation og doktorgradsstipendiat Svein Gunnar Kjøde. Dei får midlar av Design og Arkitektur Norge, Vestland fylkeskommune og Luster, Aurland og Sogndal kommune, for å jobbe vidare med dette.

 

Lokalt byrå beskriv seg sjølve slik:

«Vi er et lite designbyrå som hjelper lokalsamfunn med å planlegge og designe for mer bærekraftige liv, sammen. Vi liker å jobbe med kompliserte utfordringer og å finne løsninger som funker for folka som bor der. Vi er heldige som bor i et land folk vil besøke og oppleve, så heldige at vi til og med kan bygge ei næring på det. Men turismen er til for lokalsamfunnene, naturen og kulturen som besøkes, ikke omvendt. Vi er veldig glade for å få jobbe med kommunene Sogndal, Luster og Aurland for å utforske idéer for hvordan en slik turisme kan ta vare på og styrke de lokale kvalitetene inn i fremtiden. For å gjøre dette trenger vi dere som bor i bygdene og grendene med på laget, for dere er ekspertene på deres eget liv, hverdag og lokale forhold. Ikke vi. Vår jobb er å hjelpe til med å se hvordan vanlige folk kan skape nye muligheter i morgendagens bygdeturisme. Framtida blir best om vi styrer den dit vi vil og planlegger den sammen. Vi håper dere vil være med på prosessen!»

Utover sommaren og hausten skal Lokalt Byrå samarbeide med kommunen, innbyggjarar og lokalt næringsliv om å utvikle konsept og forslag som kan bidra til å gjere bygdeturismen meir innbyggjarvennleg og berekraftig. Dei vil gjennomføre arbeidsmøte i alle dei tre bygdene i tida 22. – 26. august.

Resultatet skal bli ein løysningsportefølje med mål om å utløyse nye individuelle utviklingsprosjekt i regi av kommunen, frivilligheita og næringslivet. Løysningar kan dreie seg om både turistopplevingar, bygd miljø eller tenester. Aktuelle konsept kan til dømes vere ein møteplass, ein ordning for utleige av el-sykkel eller ein framgangsmåte for å redusere bilkøyringa i sentrumsområde. Kva konsept som blir inkludert i porteføljen avgjerast på bakgrunn av medverknaden. Lokalt byrå og Æra skal utforske ulike konsept og kva som skal til for å realisere dei. Denne måten å utforske mulegheiter for utvikling i samarbeid med innbyggjarar, kommunen og næringsliv kan føre til heilskaplege løysningar, slik at ulike aktørar kan einast og dra i same retning. Me håpar prosjektet vil føre til gjennomførlege løysningar som styrkar bygdene og bidreg til ein betre besøksoppleving for både reisande og fastbuande.

Kontakten opp mot innbyggjarar før arbeidsmøtet vil hovudsakeleg gå gjennom bygdalaget og lokalt næringsliv. Om du har tankar eller idear sjølv, eller innspel til kven som bør inkluderast i prosessen, ta gjerne kontakt med Linn-Janette Underdal Skarsbø i Aurland kommune linn.janette.underdal.skarsbo@aurland.kommune.no 959584647, eller Nikolai Sabel i Lokalt Byrå på hei@lokaltbyraa.no / 952 84 407

Fellesskap Undredal_Linn-Janette.jpg

Foto: Linn-Janette Underdal Skarsbø