For flyktningtenesta har det vore viktig at dette kunne kombinerast med norskopplæringa, samt at turane skal skapa gode opplevingar for borna. Ein har lagt desse turane til tidspunkt der skuleelevane har hatt ferie og flyktningtenesta har hatt ansvar for undervisninga, då har eit på ein god måte kunne kombinera opplæring i språk, historie og samfunnskunnskap med det å få oppleva det landskapet dei bur, på ein ny måte. I 2017 gjekk turen til Sivle Gard på Stalheim. I 2018 har ein fått til to samarbeid med verdsarvparken, ei vandring og historieformidling langs eventyrskogen og bort til Turlidfossen i lag med introduksjonsdeltakarane frå Lærdal kommune, og no sist ein tur til Skaldegard og Skjerdal i haustferien.

11. oktober i haustferien venta ein gjeng på 16 spent på skyssen til Skjerdal, sjølv om vêrmeldingane meldte sol og opphald, var det ingen som venta seg det tåketeppet som hadde lagt seg over Aurland. Ved avreise frå Vangen såg det ikkje ut til at reisefølgje ville kunne forvente å sjå noko anna enn skodde, husveggar og kvarandre.

For dei fleste var dette den fyrste turen til Skjerdal, så berre køyreturen opp dit var ein oppleving i seg sjølv. Nokon syns òg at dei tronge og bratte vegane vart litt i det meste laget, spesielt kombinert med eit skoddelagt landskap. Hjartet kom nok opp i halsen, i meir enn ein sving. Gleda var difor stor då landskapet opna seg, då ein kom over tåkekorken, og ein såg at sola skein i Skjerdal.

På tunet på Skaldegard helste gardsfrua An-Magritt heile følgjet velkomen, før Bengt Erlend Skjerdal leda heile gjengen med på ein liten guida tur innover dalen. På Vegen fekk ein oppleva kulturlandskapet, vart informert om gardsdrifta i Skjerdal, før og no. I tillegg til at ein fekk sjå kommunen frå ei anna sida enn elles.

Vell attende på Skaldegard inviterte gardsfrua alle inn i grindbygget der dei fekk god informasjon på norsk om utviklinga av landskapet, kulturlandskapet og historia til området. Marah Aldandashi var tolk om omsette frå norsk til arabisk, og dette var ei rolle ho meistra på ein utmerka måte.

Når ein var ferdig i grindbygget tok An-Magritt både store og små med seg på ein omvising i tunet, og i stabburet fekk dei smaka på både flatbrød og geitepølse, sjølv om dei minste datt av då ein gjekk forbi sandkasse og trampoline. Det heile vart avslutta med servering av kaffi og lefser på loven, der gardsfrua engasjert fortalte om huldra, troll og nøkken. Ein fekk oppleva ein særs engasjerande forteljing om Askeladden som kappåt med trollet, ei forteljing som passa godt inn i den trolske stemninga som naturen la til rette for i Skjerdal ein Haustdag i oktober.

Flyktningtenesta ynskjer å retta ein stor takk til Nærøyfjorden Verdsarvpark og Skaldegard for ein utruleg fin og minnerik dag i Skjerdal, det vart ei flott oppleving for både store og små og ikkje minst ein fin måte å drive norskopplæring. Dette var ein tur me håpar at me får høve til å ta fleire gonger.