Aurland kommune gjennomførte ei innbyggjarundersøking i november 2018 for å kartleggja bustadbehovet for dei unge i etableringsfasen mellom 18 og 39 år og godt vaksne i aldersgruppa 60 til 75 år. Kartlegginga skjedde i samband med arbeidet med den bustadpolitiske handlingsplanen. Den bustadpolitiske handlingsplanen skal vere eit verktøy for administrasjonen og politikarane for å jobbe meir målretta, strategisk og effektivt med bustadutviklinga i kommunen.

                Informasjon om undersøkinga vart sendt ut til dei folkeregistrerte innbyggjarane i dei to målgruppene, og 33 % av dei svara på undersøkinga. Resultata syner at:

  • 60 % av dei yngre og 63 % av dei eldre ønskjer å bu i området rundt Aurlandsvangen og i Aurland. Det er her det bur flest folk i kommunen (55 %), men prosentvis er det fleire som svara at dei vil bu der enn folk som bur der i dag.

  • 14 og 16 % ønskja å bu i Flåm, der 21 % av dagens innbyggjarar bur, mens 10 % av dei i den yngre aldersgruppa ønskjer å bu i Undredal, der 4 % bur i dag. Desse tala er like for både lokale og innflyttarar, for barnefamiliar og dei utan born.

 

Fleire leilegheiter kan føre til større sirkulasjon i bustadmarknaden

Over halvparten (58 %) av dei mellom 18 og 39 år ønskjer å bu i einebustad, mens 17 % ønskjer å bu i leilegheit og 14 % er opne for ulike bustadtypar. Dette stemmer godt overeins med forsking som seier at unge i distriktet ønskjer å bu i einebustad med hage, mens dei som bur urbant ønskjer å bu i leilegheit. Nesten halvparten (46 %) av dei mellom 60 og 75 år er opne for å bu i andre bustadtypar enn einebustad. Dette syner at det kan verte større sirkulasjon i bustadmarknaden dersom det vert bygd mindre bueiningar. Spesielt sidan 84 % av denne gruppa bur i einebustad i dag, og det finst 849 einebustadar og 24 leilegheiter i kommunen.

Dette er noko innbyggjarane sjølv kommenterte i undersøkinga, fleire i den eldre gruppa ønskjer seg lettstelte leilegheiter på eitt plan med fellesareal for sosialt samvære eller som ein kan leige til overnattingsgjester. I tillegg svara 64 % av dei mellom 60 og 75 år at ei praktisk leilegheit, dvs alt på eitt plan, heis, vedlikehaldsfritt, var svært viktig ved kjøp av ny bustad. For 45 % var nærleiken til sentrum svært viktig, mens berre 22 % i den eldre aldersgruppa svara at nærleiken til helsetenester var svært viktig.

 

Høge bustadprisar er hovudutfordringa for dei unge i etableringsfasen

44 % av dei mellom 18 og 39 år er på jakt etter ny bustad og 32 % av desse har vore på bustadjakt over 1,5 år. Hovudutfordringa til innbyggjarane i denne aldersgruppa er høge bustadprisar (29 %), få bustadar til leige/sals der dei ønskjer å bu (24 %) eller ingen ledige tomter for husbygging (21 %). Fleire i undersøkinga skriv at folk flyttar vekk for å kjøpe bustad andre plasser. «Behovet for byggjeklare tomter i Aurland er enormt. Må vurdere moglegheitene for å bu i kommunen i framtida dersom dette ikkje kjem på plass snarast» - Mann, 26-30 år.

                Fleire peikar òg på at buplikt er eit alternativ kommunen burde vurdere. «Det burde være boplikt her når så få bosteder er tilgjengelig. Vi må konkurrere ikke bare med andre som ønsker fast bosted, men også folk som vil leie ut til turister/Airbnb og de som vil ha hytter her» - Kvinne, 31-39 år. Av dei som ikkje ønskjer å bli buande i kommunen, seier 30 % at mangel på bustad er hovudgrunnen til dette.

                Over halvparten av dei som svara på innbyggjarundersøkinga reknar likevel med å framleis bu i kommunen om fem år, dette gjeld òg innflyttarane i kommunen, noko som tyder på at Aurland er ein kommune med høg bustadattraktivitet. Det er mange som ønskjer å bli buande her. Dette viser tala frå spørjeundersøkinga òg, dei fleste svara at dei er svært nøgd med området der dei bur, men dei er svært misnøgd med høvet til å skaffe seg bustad eller tomt. Resultata frå innbyggjarundersøkinga vert brukt direkte inn i den bustadpolitiske handlingsplanen, som etter planen vert vedtatt til hausten. Rapporten frå innbyggjarundersøkinga er tilgjengeleg her.

                Tusen takk til alle som deltok i undersøkinga!