Sindre Renè Frydstad er sett inn som ny kompetansemeklar ved Høgskulen på Vestlandet campus Førde og skal jobbe ut mot bedrifter i regionen gamle Sogn og Fjordane hovudsakleg gjennom prosjektet FORREGION Vestland. Prosjektet har ei målsetting om å mobilisere næringslivet i regionen til å nytte meir forskingskompetanse i innovasjons- og utviklingsprosjekt fram mot grøn omstilling i fylket. Kompetansemekling gjennom Høgskulen er heilt kostnadsfritt og kan være ein svært nyttig rådgiving for bedrifter som ønskjer å søke midlar frå ulike utlysingar hos for eksempel Forskningsrådet eller Regionalt forskingsfond Vestland. Det er ikkje alle utlysingar som har krav om samarbeid med sertifiserte forskingsmiljø.  

Meir informasjon og oversikt over moglegheiter kan du finne på den digitale prosjektverkstaden tysdag 21. juni. Her kan alle som ønskjer delta.  

Prosjektverkstad er eit tilbod til aktørar i Vestland som vil lære meir om å strukturere og planlegge eit forskings- og innovasjonsprosjekt i næringsliv eller i offentleg sektor. 

Kurset vil vere nyttig ved søknader til Regionalt forskingsfond Vestland eller Forskningsrådet.  

Prosjektverkstaden består av to delar: sjølve kurset med praktiske eksempel og eit tilbod om ein-til-en samtale med ein rådgjevar. I forkant av prosjektverkstaden inviterer vi til eit kort informasjonsmøte om moglegheiter for finansiering av FoU-prosjekt.  

Arrangementet er gratis, men du må melde deg på for å delta: Program og påmelding. 

Det er Vestland fylkeskommune, Regionalt forskingsfond Vestland, FORREGION Vestland, KS Vest-Norge og Norges forskningsråd som inviterer til prosjektverkstad.