Gudvangen Stein informerte i møte med ordførar og rådmann den 4. juli i år om moglege planar for forretningsutvikling, dette var då unnateken offentlegheit. Per i dag har det ikkje vore kontakt mellom Gudvangen Stein og kommunen som planmynde, og det er ikkje starta nokon planprosess.

 

Området Gudvangen Stein driftar er regulert til råstoffutvinning (gruvedrift) i gjeldande reguleringsplan, vedteken 14.02.08. Dersom området skal brukast til deponi, må endra arealbruk avklarast gjennom reguleringsplanprosess. Det er kommunestyret i Aurland som tek stilling til om dei vil opne for handsaming av ein plan frå ein privat forslagsstiller der formålet er ein endra bruk av området.

 

I ein reguleringsplanprosess vil det vere krav om konsekvensutgreiing av endra bruk. Tema som då må utgreiast er til dømes forholdet til UNESCO-området Vestnorsk Fjordlandskap, Nærøyfjorden landskapsvernområde og Nærøydalselvi som er ei nasjonal lakseelv og eit verna vassdrag. Andre viktige tema er naturfare, infrastruktur og trafikktilhøve.

 

Selskapet har òg hatt noko telefonkontakt med nyinnsett ordførar i Aurland. Ordførar er avventande inntil meir info kjem, men er likevel open for å vera positiv til næringsretta tiltak i kommunen.