Evna til å sjå og å bruka fantasien, er noko alle bør ta seg tid til å gjera.

Elementa i utstillinga er reingjort og montert men ikkje omarbeida av menneskehender. Gaarder vil visa at naturen lagar kunst sjølv. Med fantasi og assosiasjonar til karakterar og skikkelsar frå natur, mytologi og folketru kommer ein stein eller ei rot til liv på ei ny måte.

Kunstnaren sitt mål med utstillinga er å inspirera til å gå ut og sjå , bruka augo, bruk tid i naturen og oppdaga naturen sine eigne kunstverk.